Samnanger
Samnanger kommune er ein liten kommune i Vestland fylke med 2495 innbyggjarar. Ein kraftkommune med grense til Bergen, Kvam, Vaksdal og Bjørnafjorden. Den ligg ved Samnangerfjorden og har flotte fjell med ski og turmoglegheiter.
Våre Hjelp som hjelper-tjenester
Samnangerhjelpa er organisert som eit tverrfagleg og tverrsektorielt team, med fagpersonar som har sin organisatoriske plassering i ulike einingar og tenester. Samnangerhjelpa – eit kraftsenter har ei kjernegruppe som tek imot henvendingar og fordeler saker i vekentleg møte. Det er også ei utvida gruppe med fagpersonar som kan bidra med kraft inn. Befolkninga kan ta kontakt med oss på telefon, eller kontaktskjema som ligg på heimesida til kommunen. Me er ikkje samla i eitt hus, men under felles logo og er i prosess med å samlast under felles prinsipp og verdiar.
Hvordan har vi implementert Hjelp som hjelper-prinsippene i vår kommune
Me er i startgropa i utvikling av Hjelpa i kommunen. Prinsipp om (1) Lett tilgjengeleg hjelp for alle kjem til syne i at innbyggjarane kan ta kontakt med oss på telefon, via kontaktskjema, eller få hjelp av andre til å komme i kontakt. Me skil ikkje på alvorsgrad eller anteken varigheit. Me må jobbe vidare med å skape tryggleik for innbyggarane våre, til at dei kjenner seg trygg til å ta kontakt og på å bli møtt med varme og forståing. Me planlegg å leggja ut meir innformasjon om oss og kven me er på heimesida, for å kunne skape denne tryggleiken, i ein liten kommune.
Det er direkte inngang til Samnangerhjelpa og det vert ikkje gjort vedtak på hjelp frå Hjelpa, med mindre det vert sett inn tiltak der dette er naudsynt ut ifrå lovverk.
Prinsipp (2) Den fagleg grunnforståinga er i prosess. I første omgang har me laga oss nokon retningslinjer for tilnærming og hjelpespørsmål me skal ha med oss inn i samtale med dei som tek kontakt.
Prinsipp (3) Det første møtet er under utvikling hjå oss, da me enda ikkje har så mykje erfaringsgrunnlag. Me er oppteken av eit menneskeleg møte og ei lyttande haldning i samtalen “Kva har skjedd med deg?” og “Kva er viktig for deg?”.
Prinsipp (4) Systematiske tilbakemeldingar har me ikkje komen langt me, da me er tidleg i oppstart av Hjelpa.
Prinsipp (5) Kontinuerleg forbetring er med oss i prosessen vidare, har foreløpig lite erfarings grunnlag frå brukarar å bygge på i utvikling av tenesta som heilskap. Samstundes er det viktig for oss i kvar enkelt prosess å vere lydhøyr og interessert i brukars oppleving og saman endre naudsynt kurs, slik at me unngår å fortsette med tiltak som ikkje er til hjelp. “Korleis var dette for deg?”
Hvordan jobber vi med systematiske tilbakemeldinger
Samnangerhjelpa er tidleg i prosessen og har ikkje enda fått på plass systematisert tilbakemeldingar for evaluering. Me er i undersøkingsfase, kva finnes av gode verktøy og kva kan passa til oss.
Dette er vi spesielt stolte av
Me er spesielt stolte av at ulike fagpersonar med brei fagkompetanse står saman om å tilby gode menneskemøter. Logoen vår som symboliserer krafta som vert generert når menneskjer møtast og kjem saman.
Kontaktinformasjon
Telefon: 56 58 98 88 (telefontid måndag mellom kl. 10:00-13:00)